Vestfossen kirke endrer navn!
Frå Vestfossen kirke til Vestfossen kulturkirke
Tekst Kirkeverge Oddvar Etnestad
Vestfossen menighetsråd og Øvre Eiker kirkelige fellesråd vedtak i vår at det skulle gjennomførast ei vurdering om Vestfossen kirke skulle endre namn til Vestfossen kulturkirke.
I saksutgreiinga frå kirkeverge sto det mellom anna. «Eit kirkebygg er eit kulturbygg, treng ein då namneendring ? Hovedgrunnen til å ta opp saka, heng sjølvsagt saman med Vestfossen som kulturhovedstad. Det å ta kultur inn i namnet, kan vere ei markering av at ein vil vere tettare på kulturarbeidet i Vestfossen. Å bli rekna med som ein del av kultursatsinga i Vestfossen kan bety mykje for bruk og aktivitet og kyrkja si rolle i Vestfossen.»
Saka vart teke opp på årsmøtet i soknet i vår og skrive om det i menighetsbladet med invitasjon om å sende innspel. Vidare er det oversendt til kommunen og Språkrådet skal også sei sitt i slike saker.
Språkrådet hadde ikkje merknad til endringa. Kommunedirektøren skriv mellom anna i si vurdering: «Kommunedirektøren vurderer at et forslag om namnebytte vil passe godt inn i strategien med Vestfossen som kulturhovedstad. Det er vurdert at en ytterligere markering av kirkebygget i Vestfossen som et sted for kulturytring vil bidra positivt til det totale kulturtilbudet i Øvre Eiker kommune:» Dette slutta utval for næring og kultur seg til og seinare kommunestyret.
Det har ikkje kome inn noko innvendingar til framlegget. Det har berre vore positive tilbakemeldingar både dei formelle og uformelle tilbakemeldingar. På bakgrunn av dette vedtok menighetsråd og fellesråd i haust å gjere vedtak om namneending og sende søknad om godkjenning,
Namneendringa vart godkjendt i møte i Bispedømmerådet 16. oktober, med iverksetting frå 01.11.23.