Tema: Framtida til Bingen kapell
Fellesrådet informerer
Høve til å kome med innspel, spørsmål
Vedlagt ligg saksugreiing og vedtak frå møtet 25. mars i fellesrådet
Utdrag frå sak 6/26 i Øvre Eiker kirkelige fellesråd
Vidare arbeid med reduserte driftskostnader.
3. Vurdere framtida for Bingen kapell
Dette var orienteringssak på sist møte, og alle innspel som er kome inn er overlevert fellesrådet.
Som orientert på sist møte, hadde Kirkevergen møte med utvalg 3 i Øvre Eiker kommune 27.01.26. der dette også var tema. Stort engasjement frå utvalget at dette er eit viktig bygg for bygda. Kirkevergen utfordra også utvalget på at bygget har ein samfunnsfunksjon og samlingsplass utover å vere eit kapell i bygda. Kva gjer det med bygda om dette samlingspunktet vert vekke. Kan kommunen bidra med fast tilskudd om fellesrådet ikkje finn mulighet til å eige det lenger. Det kan både vere gjennom tilskudd men også bistand i å søkje å finne tilskudd for drift av bygget.
Det kan også vere mulighet for fellesrådet å vurdere med tilskudd i ein overgangsperiode, til dømes betale forsikringa eit par tre år for å lette overgangen. Fellesrådet er i ein utfordrande situasjon, og når ein skal spare 1.2 mill i eit stramt budsjett, så er det uråd å kome seg unna tiltak som også smerter! Ein anna konsekvens er at ein har redusert kirketenerbemanning med ei heil stilling som eit av tiltaka. Ein har difor redusert bemanning til å følge opp bygg og anlegg på forsvarleg vis.
I arbeid med å utgreie alternative driftsformer har fellesrådet behov for nokon i Bingen å forhandle/diskutere med. Kvinneforeningen har vore ein viktig aktør i heile Bingen si historie, men det vert ikkje rett å utfordre dei til å ta meir ansvar. Det same med menighetsrådet, dei har nok med ansvar for Solhaug og øvrig arbeid i soknet. Her må nye krefter inn og ta ansvar.
Men dette må vere opp til bygda, om dei skal kunne ha ein forhandlingspart, kunne det vore tenleg med etablering av grendalag med styre som kan ha mynde på vegne av bygda. Spørsmålet er om ein skal kalle inn til folkemøte, der dette vert presentert. Vidare å informere om kostnader ved drift av bygget og utforde på å etablere grendalag. Om ein ikkje lykkast med dette, må ein gå vidare å vurdere salg.
Det er reist spørsmål om det er vart sett premissar til tomta då den vart gjeven av grunneigar til kapell. Ei slik binding kan vere eit hinder for å selge bygget. Så langt har ein ikkje klart å finne noko, dette skal stå i grunnboka, men vi finn ikkje noko informasjon om dette der.
Det at det vert sett på dagsorden har som forventa vekt reaksjonar. Dette er eit hus som er viktig for Bingen-bygda, både dei funksjonane det har og som eit felles bygg og symbol for bygda. I arbeidet vidare med dette, så er det difor viktig å understreke at det primære målet må vere å behalde Bingen kapell som eit samlingspunkt for bygda, men søkje om det er råd å løyse det med andre drifts og eigarforhold enn i dag.
Det er også kome innspel om fellesrådet kan halde fram som eigar, om bygda stiller opp med meir dugnad og pengar til drift av bygget. Kirkevergen er usikker om det er ei tenleg ordning som kan gje den gevinsten som ein er ute etter. Men samtidig er det viktig å løfte fram ulike løysingar som kan sikre vidare drift av bygget. Vedlagt ligg oversikt over driftskostander, her kjem fram faste utgifter, men det er behov for å ta tak med vedlikehald, særleg på eine langsida. Så total innsparing kjem ikkje fra i denne oversikta. Forsikring og straum er hovedkostander, men innsetting av to varmepumper har også gjeve innsparingar.
Det er eit radikalt grep å avhende Bingen kapell, det er viktig å bruke tid å vurdere om det er det rette grepet, eller om det er andre tiltak som bør utprøvast. Noko av kirkevergen sitt anliggande er at fellesrådet har for mange bygg å halde vedlike og drifte utifrå dei midlane som kommunen stiller til disposisjon. Om ein går vidare med prosess, har kirkevergen skissert i 3 punkt som fellesrådet må ta stilling til.
A. Ein følger vidare prosess i tråd med saksutgreiinga og kallar inn til folkemøte med sikte på sondere/avklare om grenda kan/vil ta over ansvaret for bygget.
B. Om bygda er positiv til det, må det etablertast grendalag med valt styre som ein kan gjere avtale med
C. Om ikkje grenda vil/kan ta dette ansvaret, må ein vurdere om neste steg er vurdering av salg. Det må då gjennomførast takst og fastsette verdi av bygget.
Fellesrådet må ta stilling til om ein skal fortsette denne prosessen, alternativt vil vere å avvente korleis den økonomiske situasjonen er når 2026 er over.
Vedtak
1. Fellesrådet sluttar seg til kirkevergen sine vurderingar at det vert kalla inn til folkemøte i Bingen kapell med sikte å finne ei anna driftsform for bygget med lokalt eigarskap
2. Resultat frå dette møtet vert å legge fram for fellesrådet med sikte på vidare avklaringar
3. Kirkene vert delvis stengt fram til faste startar, i tråd med saksutgreiinga. Kirkevergen utarbeider konkrete løysingar i samarbeid med staben.
4. Fellesrådet ber kirkevergen arbeid vidare med å sjå på tiltak for å rediusere utgifter og auke inntekter.
Velkommen
Lone Husby Flaten Oddvar Etnestad
leder Kirkeverge